mandag 23. mars 2009

Siste dagars aktivitet

I helga har vi feira Musikanten sin 18-årsdag. Han fekk tidleg i prosessen spørsmål om kva meny han kunne tenke seg når han skulle ha vener på besøk. Pannekaker, sa gutfanten! Og eg syntes det høyrtes litt for spennende ut å skulle steike opp nok pannekaker til at ein haug store karar skulle ete seg mette. Det er ikkje godt å vite kor mange pannekaker som skal til for å fylle ein stor mage:)

Gratinerte pannekaker med kjøtfyll vart løysinga. Det fungerte! Alle vart mette, og ingen klaga:) Eg måtte bruke fleire former for å få plass, sjølvsagt....

Eg er litt fornøgd med denne karen her! Han blir etterkvart ganske bra på piano også, sjølv om det er trompet som er hovudinstrumentet.


Mammutsal er ein fin ting. I år gjekk eg ikkje til verket med same iver som før, og enda med å ikkje kjøpe noko den fyrste gongen eg var innom bokhandelen. Men no var bøkene på superbilligsal! Mammutprisen er ganske lav, og no var det halv pris av den igjen!! Så eg måtte ta med meg eit par hage/blomsterbøker. Det er berre å vente på vår, og pusle i vinduskarmen enn så lenge.

Eg betalte 108 kroner samla for desse to bøkene:) Særleg boka om inneplanter er svært informativ og enkel å bruke. Så no har eg ingen grunn til å la plantene skrante...

4 kommentarer:

solveig sa...

Ten-sing var mange og flinke i kyrkja. Han gjer ein kjempejobb både der og i korpset!

Anonym sa...

Se , der var den flotte musikanten igjen ! Gratulerer med 18-års dagen ! :)
Lappeteppet ble flott , og helt sikkert godt og varmt .

Josefine (HB)

Annika sa...

Kan tenke meg han har hatt ei flott bursdagshelg. Gratulerer til mor også!

Pannekakene såg jammen gode ut. Kva hadde du inni? Kanskje eg må prøve!

Pål André sa...

Takk for gode ord, Solveig! - Takk for gratulasjonen, Josefine - Pannekakene vart fylde med kjøtfyll (bacon, kjøtdeig og ymse krydder), Annika!

Snakkast!
(Elles kan ALLE stikke innom
www.pagriwo.blogspot.com!)