onsdag 11. mars 2009

Skal berre rekke alt, på ein gong!

I dag er det sol ute, og eg har fått eit anfall av iver over alt som skal gjerast no og med det samme. Så her sit eg (framleis på jobb, men skal til å gå ut døra) og har tenkt på at eg skal bake brød, vaske vindu, lage god middag, og strikke ferdig den uglelua. No er det berre eit begrensa antal timar også denne dagen, sjøl om eg er ferdig på jobb no og klokka er 14.06. Men kan ein rekke alt??

Dersom eg skundar meg heim og set brøddeiga, og ryddar på kjøkenet etter kaoset i dag tidleg, og så går ut og vaskar vindu, og samtidig spaserer til barnehagen for å hente prinsessa og gullungen, og kanskje eg burde sett på ein klesvask.... Kva skulle eg eigentleg lage til middag, mon tru?

Det er vel berre å gå heim og starte i ein ende, for eg trur vel ikkje at eg kjem i mål med alt i dag heller:)

Kva med å gå ut og sette seg i sola? Nei, det var det visst ikkje tid til..

Kos deg i dag, anten du har sol og tid til å nyte den, arbeidslyst og tid til å utnytte den, eller berre gjer det du må:) No må eg springe!!

5 kommentarer:

Frau Putz sa...

Hvis du laver brøddej først, så hæver det mens du henter børnene i børnehaven og så kan de være i haven, mens du vasker vinduer.
Så laver du boller - og pizza - af dejen, og mens det bager i ovnen strikker du på uglehuen...

Ja... Vi kvinder er gode til at planlægge og "multi-taske".
God fornøjelse!

Annika sa...

Du kjære - stress ned, og nyt sola!! ;)

I Brandal er den nok ikkje endå, så eg slepp dilemmaet;)

Ha ein god dag!

arieldog sa...

Den store lukka i mitt liv er at eg har hundar. Viss eg har lyst ut i sola, MÅ EG LUFTE HUNDANE! Det er viktigare å nyte sola enn det meste anna stress og styr - i dag har eg sete i solveggen og lese særemne med verdas beste samvit. Kos deg!

Anonym sa...

Finn roen.
Hent prinsessa i barnehagen, og nyt været.

Judit sa...

Her inne var det full aktivitet som vanlig:-) Ha en fortsatt fin våruke.