fredag 24. april 2009

Det luktar vår!


No er det vår. Og det kjenner vi på lukta!

Gullungen på 2 kosa seg med å stå i vinduet og sjå på traktoren som spreidde sine godsaker på markane nedanfor huset. Ho er elles livredd for alt som lagar sterk lyd. Om døra er open og traktor eller lastebil køyrer forbi på vegen, spring ho lynkjapt lenger inn i huset. Gangen er ikkje trygg nok...

Då vi kom ut etter at traktoren hadde gjort jobben sin, kommenterte den vesle tøffe pysa at det lukta godt! Er det framleis noko bondeblod i årene, sjøl kor utvatna det må vere??

3 kommentarer:

mimouna sa...

Hehe, skikkelig vårlukt det der ja. Men det hører jo med da. Ikke rette dagen for å henge ut klesvasken kanskje.

Ha en fin helg!

Annika sa...

Det er godt nokon syns lukta er god. Kvar gong eg kjenner lukta, prisar eg meg lykkleg fordi eg bur i Brandal... Eg har hatt mine år med lukt på Bjåstad, og eg saknar den ikkje, dessverre;)

Pål André sa...

Vart rimelig happy då ej kom gåande frå skulen og kjende gjødseleimen breie sej - det e då det verte vår!