lørdag 18. april 2009

Kan eg friste litt?



For mange år sidan var ei tante dagmamma for minstesystera mi, heime hos oss. Ho var (og er) ei hyggelig dame, og skrella poteter slik at dei stod klare til middagslaginga. Ho trudde alltid at vi skulle ete mange poteter... Det gjorde vi ikkje, men ho skrella like mange neste dag. Og då vi kom heim frå skule fekk vi potetkaker. Ikkje kvar dag, men ganske ofte.

No er det lenge sidan eg smakte heimelaga potetkaker, men eg hadde ei "nær-tante-Ågot-oppleving" her ein dag. Prinsessa vil stadig ha med små venninner heim frå barnehagen, og jentene eg kjenner likar IKKJE poteter. Så eg stod der med mykje poteter, og fekk lyst til å bruke dei til noko fornuftig. Relativt fornuftig, i alle fall.

Oppskrift var det ikkje så lett å finne, men det eg fann, tilsa at eg skulle krasje potetene, tilsette litt salt og ein del kveitemjøl, og så kjevle ut. Jepp:)

Det er så godt med varme potetkaker med smør og sukker på!

Tre jenter som ikkje ville ete poteter åt fleire potetkaker kvar....

9 kommentarer:

solveig sa...

Eg har også ei tante som lagar verdas beste potetkaker. Sjølv synest er det er "mykje skrik og lite ull", så dei får nøye seg med first price lomper

Ina Katrin sa...

sv. prinsen og hesten er ikkje inne i huset, men på land, dei er ikkje ute på vatnet om du skjønar..:)

potetkaker hørtes godt ut :)

Jane sa...

Det har jeg aldrig smagt, men det kunne da være jeg skulle prøve det en dag :-)

Kath sa...

Så godt ut!!God helg:)

cille sa...

Takk for koslig hilsen i bloggen min, det var trivelig!
Ja klart en blir frista av potetkaker, de er jo bare såååå gode når de er lunkne og ferske! Flott kjøle du har laget også...

Hannes hage sa...

Ja, det frister! Ha en god søndag.

Hanne sa...

Hjemmelagde potetlomper er KJEMPEgodt. Lenge siden jeg har laget det nå - takk for inspirasjonen ;-)
Ha ei fin, fin uke!

Pål André sa...

Ina Katrin? :-P

mimouna sa...

Sånne lager vi også, men nå er det jammen lenge siden sist. Ble litt fristet ja!