søndag 26. april 2009

Vårfjøs under totalrenovering

Svogeren min har teke over ein liten gard etter farmora si. Det har aldri vore store mengder dyr der, men i utmarka stod det ein gammal vårfjøs med plass til tre kyr. Dei siste åra har den stort sett prøvd å ramle ned. No har svogeren teke grep, og vil bygge opp att noko som kan brukast som eit turmål.
Det er greitt å vere fleire om arbeidet, og i dag vart vi med på ein liten tur.
Slik såg det ut då vi kom i dag. Måla er visst omtrent dei same som tidlegare, men taket skal skråast slik at det vert meir som ein gapahuk. Vårfjøsen skal med tida bli tett, med stor dør i fronten.

Sjekk denne flaska! Svogeren seier at han fann spikaren som han brukte til å lage hol i toppa med, for over 30 år sidan. Det var tider, det! Brus med spikerhol i toppa. Skikkelig Solo. Før det vart SÅ mykje anna å velge mellom;) Ser du holet? Det er der, sjøl om toppa er godt rusta...






Er det litt pussig å ha bilete av ein gammal krakk?? Berre nyt fargane, og så skal eg fortelle kvifor den måtte få bli med.

Det var mi "svigerfarmor", altså farmora til mannen min, som budde på den vesle garden tidlegare. Ho var ei fantastisk dame, som hadde full kontroll på alt mogleg heile livet. Ho hadde meiningars mot, og var glad i fargar. Ho elska å ommøblere, og mala gjerne ting mange gongar. Krakken har mange fargar, eg fann både gult, grønt, raudt og sjølvsagt lilla. Det er slik det skal vere: Har du lyst på nye fargar rundt deg, så er det vel berre å male! I tillegg var det nok eit stort element av gjenbruk. Alle malingsrestar må brukast til noko fornuftig....

All ære til alle gamle bestemødre, som gjev oss små detaljar å minnast.

Slik såg det ut då vi skulle til å gå. Taket var godt å ha, så vi slapp å bli våte av regnbyga som brått kom...


Ha ei fin veke!

2 kommentarer:

mimouna sa...

Koselige bilder, det ble en tur tilbake i tid samtidig dette her. :o)

ariel sa...

Artig det med holet i brustoppa!