torsdag 18. juni 2009

Litt reklame/mimring

(biletet er henta frå nettsida til skulen)

Sagavoll folkehøgskule i Gvarv, Telemark. Ein flott skule, ein god grunn til å tilbringe eit år langt (eller mindre langt) borte frå heim og familie. No er det nokre år sidan eg gjekk der. Skal ikkje rippe i det...
Eg meiner å vite at no er den siste av "mine" lærarar også borte frå skulen, så eg kan ikkje garantere at alle er like fantastiske som dei var då eg var der. Men eg trur nok at dei er det. Det er noko med folkehøgskular!

Eg gjekk på Medialinja, den er no historie. Det er derimot eit fantastisk utval av ulike linjer, som KRIK, dans, kunst-kreativt, idrett, friluftsliv, safari, musikk....

Eg vil besøke Gvarv igjen!!

3 kommentarer:

AnnetteK sa...

Ja, Sagavoll er en flott folkehøgskole å tilbringe ett år på :)
Synd det ikke klaffa så jeg fikk med meg 10-års-jubileet i vår.

Aileen`s strikkekrok sa...

Eg bur i nabokomunen til Gvarv,ca 10 min unna,og min svigerfar bur på Gvarv,har ikkje gått på skulen der sjølv men det er sikkert ein bra skule,ha ein fortsatt fin dag:)

PerJorun sa...

Har hørt mye godt om den skolen. Søskenbarnet mitt gikk der i fjor,og skal tilbake i år som "ansatt".