tirsdag 7. juli 2009

Blir det noko middag i dag?

Du kan spørje, men eg veit ikkje kva svaret er. Det er eit definisjonsspørsmål. Er pastasalat med brød middag? Det er i alle fall mat, og vart servert i middagstid. Så då er det fritt val, om det er middag eller ikkje:)
Eg let ein del av salaten vere utan dressing, for då rekna eg med at jentene ville akseptere maten. Dei er skeptiske til ting som er blanda slik at dei ikkje kan definere kvar enkelt bit...

Eg syns det smakte godt. Oppskrifta er frå skulekjøkenet, og er tilpassa 4 born som skal ete. Eg laga litt meir. Og så endra eg litt på innhaldet. I oppskrifta er det pølser som er brukt, men eg brukte ein pakke salatkylling, den steikte i bitar.


Dressingen skal ha ein god karrismak. Bland alt til dressingen i ei skål, slik at du kan smake deg fram. Eg fann ikkje rømmekolle på butikken, og vart alvorleg i stuss på om det har skifta namn. Til slutt brukte eg ei blanding av lett kesam og lett creme fraiche.

2 kommentarer:

solveig sa...

Pastasalat passar til mange måltid. I fjor brukte eg oppskrifta frå 6. klasseboka. Det er greit å ha eit utgangspunkt, så kan ein ta det ein likar eler har i hus og hage og putte oppi. Vi har sådd sukkererter i år...

Ruth sa...

Nam nam.. Salaten din såg god ut! :-)