
Desse ville eg ikkje hatt til kjeledyr. Og minstemor forkynte at det stinka av dei.... Ho hadde rett!

Mykje av tida i ferien vart nytta i bassenget. Prinsessa vart veldig flink med dykkermaske, snorkel og symjeføter. Det vart ikkje til at vi prøvde på stranda, det hadde vel vore meir spennende å sjå der, men ho var kjempefornøgd med bassenget. Og det er jo reinare, enklare og meir tiltalande for foreldra også...

Vi besøkte den gamle borga i Alanya. Fint område, og flott utsikt!


Ved bassenget har vi bananpalmer. Dessverre var ikkje bananane modne no. Ikke appelsinene heller. Men det er uansett stilig å sjå at dei faktisk heng der!

Det er tidleg mørkt i Tyrkia. Men det er fint med solnedgang, og spennende for jentene å vere ute etter at det eigentleg ser ut til å vere leggetid...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar