søndag 1. november 2009

Babylue i nytt garn


Jaja, det er ikkje nytt, men eg har ikkje prøvd det før. Sublime, baby cashmere merino silk dk. Det er relativt dyrt, eg betalte 69 for 50 gram. Derfor vart det berre eit lite nøste med heim i fyrste omgong. Og så eit oppskrifthefte med mange lekre småplagg. Når nestminste systra mi får klarheit i kva kjønn babyen er, vert det nok strikka meir av dette garnet. Men no vart det ei lue, førebels. Den er mest feminin, men eg trur at dersom det er ein gut som kjem, kan eg ta vekk den hekla blomsten. Då fungerer den nok for ein liten Johannes/Laurits/Rasofiel.... Eller Petter:)

1 kommentar:

Frau Putz sa...

Den ser dejlig ud.
Ind imellem ville jeg næsten ønske, at jeg kunne blive barn igen. Der er så meget fint til små børn - men jeg tror jeg ville se goofy ud med det som voksen :o)