mandag 9. november 2009

Litt reklame er vel bra?

Eg har kjøpt veske! For ein gong skuld var eg rask nok;) Når
Shamu legg ut noko i nettbutikken sin, brukar det nemlig å gå fort i svingane. Det er nok mange av oss som likar Shamu sin redesign-stil. Eg er ikkje tøff nok til å velge dei kulaste orange veskene eller kjolane, men ei veske i gråtonar er akkurat perfekt til meg. Hurra, eg gler meg til å ta den i bruk!

Og i veska kjem eg heilt sikkert mellom anna til å ha eit eple i ny og ne. Eg har oppdaga Aroma-eple, og er sikkert fryktelig treg. Men uansett kan eg fortelle at Aroma er det absolutt beste eplet som fins;) Vi lurer på om vi skal ha eit slikt epletre i hagen neste vår. Det er verdt eit forsøk!

3 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Gratis reklame er det vel ingen som sier nei takk til! Aroma! Skal huske på det!
Den veska du kjøpte, var veldig fin! Jeg liker gjenbruk!
Ha en interessant dag i morgen!

solveig sa...

Aroma er også mitt favoritteple, me Gravenstein som nummer to. Fin veske også. Eg har herma etter linkwithin.... Eg ser at den hengte seg opp i innlegg med litt i her.

toneab sa...

Heldige du som fikk fatt i ei Shamu veske! Kjempefin var ho! Stakkars lillemora di.....ja, det går fort over med de små heldigvis :-)