mandag 2. november 2009

Pus på leiting etter adoptivforeldre


Vi har fått ein katt for mykje! Denne stakkaren snik rundt dørene her, men vi har jo alt både katt og kanin.
I dag pilte han inn saman med vår eigen katt, og kasta seg over tørrforet med ein fantastisk iver. Han hadde truleg ikkje fått mat på ei stund, for så fort går det nesten ikkje an å ete... Etter at han hadde fylt magen vart han sendt på dør, for vi vil jo ikkje eigentleg ha han her. Det vil seie at vi ikkje kan, for prinsessa er allergisk mot katt, og då er det vel nok å ha ein!!

Eg fortalde denne sjarmøren at han må gå heim, for nokon saknar han sikkert. Men han ville ikkje tru på meg;) Eg syns han er nydelig: Mørk gråstripete på ryggen, kvit på beina og på brystet, og lang pels og tjukk hale. Flott katt, rett og slett! Håper han vil gå heim...

4 kommentarer:

amylin sa...

Så søt da. Får håpe noen vil være foreldre til søtnosen.

Annika sa...

Ein skjønn pusekatt, håper nokon saknar han, så han får kome heim!

Kanskje du får napp om du legg ut bilder på facebook.

Ingrid sa...

fin pus. Hva med å kontakte dyrebeskyttelsen?

Hanne sa...

Søøøøøt! Håper han finner veien til et godt hjem!