fredag 25. desember 2009

24. desember

Jul er ein fin ting. Det er ein av dei finaste tinga eg kan tenke meg akkurat no:) Vi har god tid ilag med familien, og kosar oss med gåver og god mat. Her er eit lite utval av både det eine og det andre... Sidan eg har fått kamera i julegåve frå min kjære, gubben, vert det nok ein del bilete framover! Det er eit Canon 500D, og eg har førebels ikkje peiling på effektar etc.

Legg merke til alt garnet som du ser på bildet! Det er ei gåve frå ein hemmeleg ven i hobbyboden, og eg klarte å vente heilt til julaftan med å opne den. Det var godt gjort, skal eg berre seie deg! Og for ein pakke! Haugar av trådnøste ramla utover då minstemor ville hjelpe meg med å opne. (Ho var nemlig ferdig med alle sine pakkar, og var ivrig på leit etter fleire...)
Tre nøster Viking Sportsragg, to nøster Ida strømpegarn, tre nøster Tresko, to nøster pt2, to nøster Sandnes alpakka. Hallo, det er 12 nøster!! Og som ikkje det var nok, fann eg også to søte små nissar og eit hjerte til å henge på juletreet. Tusen takk, Kristinaler!

Elles går det mykje god mat desse dagane. Eg tenkte eg kunne vise fram korleis eg henger opp julekorta mine, dei får nemlig hedersplass på trappevangen i stova. Jentene har adventskalenderpakkar hengande i eit raudt silkeband i trappa. Og etterkvart som dei plukkar ned pakkar, vert det ledig plass til å henge opp julekort. Smart? Og lett synleg!

Elles har eg fått ei geit i julegåve i år. I tillegg til ein del anna, meir tradisjonelt:) Frå systra mi fekk vi altså ei geit, eller vi er "eigarar" av ei geit som kanskje nokon annan får ha nytte av, til dømes i Afrika. Vi fekk også ein engel laga av ungdomar i Zululand. Dei lagar englar av gamle brusbokser. Sjarmerande julepynt på treet mitt.

Ingen kommentarer: