lørdag 30. januar 2010

Hemmeleg venn-gåve

I dag fekk eg gåve frå januar-runda av Hemmeleg venn! Eg har venta ei stund, og veit at det er Iris som har sendt denne pakken til meg. Ho beklaga for nokre dagar sidan at pakken hadde blitt liggande i baksetet av bilen, etter at mannen hadde fått oppdraget å sende den... Typisk mannfolk;)
Men som eg sa til Iris: Den som ventar på noko godt, kan tole å vente litt. Og det var ein flott pakke som dumpa inn i postkassa mi i dag!


To nøster Frøya, det må bli sokkar eller noko anna lekkert til mi minste prinsesse som heiter det same:) Nydelige jentefargar!

Men det neste nøstet kan ikkje bli sokkar, det går eg ikkje med på:) Oppskrifta på baksida av magebeltet gir heilt sikkert flotte sokkar, men garnet er rett og slett for lekkert til å bli trakka på! Kva eg skal lage veit eg ikkje enno, men eg må sjekke litt kva andre har laga av Sandnes Mini Palett-garn. Det er sikkert godt mogleg å strikke skjerf eller sjal av det, eller pulsvarmarar, leggvarmarar, babygenser.... Who knows?

Tusen takk for det lekre garnet, Iris!!

3 kommentarer:

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg pakke du har fått. Blir spanande å sjå kva du tryllar fram! Ha ei fin helg.

KRØLLEMIKKEL sa...

Der var den ja. Bra den kom frem til slutt! Flott innhold!

Frau Putz sa...

Wow. Sikke noget fint garn.
Jeg skal til Norge i næste uge (Skiferie i Rauland) - og skal SELVFØLGELIG inden om en garnbutik. Garn er så meget billigere i Norge end i Danmark.

Jeg tror sandelig, at jeg skal forsøge at finde Sandnes Mini Palett-garn. Det minder mig om Noro, som jeg elsker på grund af de mange fine farver.
Jeg tror du kan få en meget fin hue - eller pulsvarmere - eller fingervanter/handsker ud af dit garn. Så vil man helt sikkert se det mere, end hvis det bliver til sokker.
God fornøjelse med at finde på - og strikke.

Klem fra Frau Putz