fredag 8. januar 2010

Innflyttingsbollar;)

Eg skulle sjølvsagt hatt bilete av dei lekre innflyttingsbollane, men det rakk eg ikkje...

I dag har vi hatt med ei av venninnene til Prinsessa heim etter skuletid. Det er alltid nokon som vil vere med anten hit eller dit, men det er ikkje alltid vi svarar ja! I dag passa det fint å låne T, sidan familien skulle flytte frå leigd til eigd leiligheit i dag. Eg rekna med at det var ok å sleppe å hente og denslags, og det var pappaen veldig glad for.

Etter at vi hadde sett til livs kjøtkakene, vart det litt leik ute for dei store jentene. 15 kuldegrader gjer ingenting så lenge dei får velge sjølv!
Om eg hadde bestemt at dei skulle ut, hadde det sikkert vore for kaldt;)

Etterkvart kom eg på at vi kunne bake bollar og ta med til den nye leiligheita. Då det nærma seg leggetid troppa vi opp med ein haug varme bollar, syltetøy og alt som trengs for å kose seg i flytterot. Det vart godt motteke. Leiligheita er fin, heilt nyrenovert og fristande. Eg er glad eg har hus med større plass, men for denne familien var dette perfekt. Fint for oss at dei ikkje flyttar langt, berre 75 meter nærare oss...

I natt får T sove i senga si i nytt rom. Det vert sikkert stas!

1 kommentar:

Greta sa...

Hørtest ut som ein koselig ettermiddag/kveld. Kjekt for prinsessa di med besøk og veldig kjekt for dei som skulle flytte. Ein vinn vinn situasjon. Skulle hatt bilde av bollene ja, men det får bli ein annan gong det da.
ha ei fortsatt fin helg