lørdag 23. januar 2010

Skulle nok ha vore heimeverande husmor

Eg har for så vidt ikkje noko imot å jobbe, det er ikkje det... Men om eg hadde vore heimeverande husmor hadde det blitt mykje tid til å strikke, lage mat, bake, stryke klede og gå på kafe;)
Kvar gong eg har vore heimeverande med baby har mykje av tida nødvendigvis gått til babyen, slik at eg går ut frå at det hadde blitt mykje meir tid om eg var heime no. Kanskje.

Men så er det noko med at vi klarer å få tid til det vi vil, i alle fall i stor grad. Eg får aldri tid til å trene, men det er vel berre ei stadfesting av at vi får tid til det vi vil...

Brødbaking hadde blitt prioritert dersom eg hadde meir tid. I går laga eg rett og slett veldig gode brød! Og kvifor dei vart så gode? Jau, eg brukte laaaang tid.

Eg starta dagen før, med å lage ei fordeig, ei blanding av mjøl, vatn og ein bitteliten bit gjær. Dette stod i eit heilt døgn i kjøleskapet, fordi eg veit at eg ikkje rekk å tenke på slikt om morgonen. Den kunne stått ein dag på benken, det hadde vore nok.

Så laga eg deig etter jobb, med ein pakke ferdig havrebrødmix, litt kli, litt grovbakstmjøl, litt grov rug, kveitemjøl og knuste solsikkefrø, linfrø og sesamfrø. Jentene vil ikkje ha "ting" i brøda, så no prøver eg å kamuflere det grove og "tinga" slik at dei et likevel...

Faren min fylte 67 år i går, så vi var i eit hyggeleg selskap der. Medan eg var borte, fekk den store deiga kose seg i kjøleskapet. Etter 4 timar baka eg ut brød, og dei fekk stå til heving på benken i 2 timar, og sidan eg hadde 6 brød måtte 3 av dei vente enda lenger:) Resultatet vart veldig godt! Luftige og gode brød, med god smak og konsistens.

Så no har eg tenkt at eg burde nok ha meir tid til å bake, sidan det er tida som er avgjerande for å få dette slik eg vil. Men ideelt sett kunne eg jo jobba mellom 10.00 og 14.00! Då kunne eg sett brøddeig før eg gjekk på jobb, og baka ut brød etter jobb. God plan? Javisst, eg må berre forte meg å levere inn tippekupongen;)

6 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

Hehehe:)For eit herleg innlegg:)
Kosa meg stort når eg las:)
Du er kjempe flink:) Å så mange da...Imponerande:)
10 til 14 hadde gjordt seg ja:)
Ønsker deg ei kos helg vidare:)
Klem frå Astrid<3

sissel sa...

det såg nå veldig godt ut i allefall. Morsomt at du orker bruke så masse tid på brøa..
Ha ei fin helg resten..

solveig sa...

Kjenner kjensla av alt ein har lyst å gjere! Slik fordeig har eg gode erfaringar med.

Greta sa...

Hei. Desse brøda høres vidunderlige ut. Kanskje vi prøver noen liknande ein dag.

Ingen baking her i helga. Har vore i Bertgen og kost emg emd barnebarn.
Ha ei flott uke

pepperkverna sa...

Kjenner den deilige duften helt hit.......Mmmmmm, nydelig Hege

tintin-44 sa...

Det ble nok dessverre ikke full pott på tippekupongen din ellers hadde du vel blogga søndagen også ;)
Skulle gjerne hatt mer fritid sjøl, syns fridagene går så altfor fort...
Ha ei fin uke!