tirsdag 9. februar 2010

Tirsdag kveld

Det er kveld i heimen. Tida etter at jentene er i seng og før eg sjølv må tusle til køys, er gull verdt. Det er no eg kan rydde litt, kanskje legge saman ein haug klede, planlegge morgondagen og surfe på verdsveven:) Og etterkvart vert det kanskje litt tid til å strikke også.

I dag skulle eg gjerne lagt ut bilete av det nye skjerfet til minstemor. Ho ville også ha skjerf, då ho såg mitt nyaste. Det skulle vere rosa, lilla og rosa! Hmmm, då var det berre å plukke fram litt garn og la sjefen velge. Ho var ikkje i tvil då ho såg garnet som storesystra nettopp fekk sokkar av. Det er jo rosa og lilla så det held! I dag fauk ho ut døra med nytt skjerf, utan at eg hadde teke bilete... Og skjerfet ligg att i barnehagen. Jaja, det var ikkje så avansert, akkurat:)

Elles fekk eg ein ny morsom mail i dag. Det er ikkje alle bileta som er like truverdige, men dette er berre herleg:
Skal vi sjå om dette blir den nye farsotten?



6 kommentarer:

Tovepia sa...

Denne karen så ut til å beherske heklekroken også iflg lua han hadde på;)
Herlig!

Godnattklem fra meg;)

Stubbetufsa sa...

Barn er flagrende vesener - håper skjerfet kommer til rette!

Herlig bilde! Han har ikke strikket seg bare ei lue, men vest og bukse og! Hva lager han nå? Kjole til dama?

mimouna sa...

Hihi, har sett det bildet før.Får nesten håpe at det der IKKE blir en ny trend.

Greta sa...

Du skriver godt. Og har alltid ein liten humor ting og komme god du. Kjekt å lese innlegga dine.
Kommentar til kommentaren din på min blogg. Tror nok ikkje min T ville brukt den boxeren der. Men kjører man masse snøskuter som han visst gjer han som skal ha boxeren, så er det vel ikkje så verst å ha ein slik ein.
Ha ei fortsatt fin uke

Knutine sa...

Den karen hadde en lekker design på drakten sin...hekle det kan han hehe
Tror han hekler bleier jeg da!!!

GOD NATT...

Wenche

tintin-44 sa...

Hæærlig! E det tatt på hurtigbåten? :)