søndag 14. mars 2010

Hyttehelg






Endeleg kom vi oss på hytta! Vanlegvis har vi besøkt hytta på Lesjaskog tidlegare om vinteren, men i år vart det ikkje besøk før no, midt i mars. Det er vel for mykje som skjer på heimebane, skal du sjå... Men det var godt å ha ein tur! I år har vi jo hatt meir snø enn på 30 år på Sunnmøre, så behovet for å dra til fjells og finne vinteren har vel ikkje vore det same som elles.

Det er uansett deilig å kome litt vekk heimanfrå. Det er avslappande og roleg, og litt primitivt. Då vi kom opp fredag kveld, hadde vi litt lite vatn med oss. Sidan det ikkje er innlagt vatn på hytta vart det smelta snø for å supplere. Spennande greier.

Elles vart minstemor overtalt til å prøve ski for aller fyrste gong i går. Ho er snart 3,5 år, og syns eigentleg at alt er nifst. Men då vi lova at det ikkje ville vere nedoverbakkar, berre bortover, var det ok. Ho var ganske flink! Sjølvsagt ramla ho ein heil del, og måtte stablast på beina igjen kvar gong. Og vi gjekk ikkje langt... Men det var fyrste tur! Hurra!


Det snøva ein heil del denne helga, og eg strikka ein del på sjalet i Wollmeise, og så eit par tøfler som skal tovast. Dette skal du nok få sjå snart...



Eg skulle gjerne hatt bilete frå ferjeturen heim i kveld. Midt på fjorden såg gubben noko som han oppfatta kunne vere kval. Og etterkvart kom vi nærare og nærare. Eg har aldri sett makan! Vi tok att ein flokk kvalar som leika seg i overflata, og ferja gjekk parallelt med kvalane ei heil stund. Dei var heilt utrulege. Aldri har eg sett kvalar så nær, det var reine kvalsafarien:)

1 kommentar:

Greta sa...

God morgen. Da fikk eg svar på spørsmålet mitt om kvar de har hytte. Det er no ganske langt å dra på hytta da, heilt til Lesjaskog. Men sikkert deilig når ein først er framme.
Får du med deg elstemann på slike turer, tvilsomt :).

høres ut som dere hadde det kjekt på hytta og turen heim vart rosinen i pølsa.
ha ei flott vike vidare. klem