I dag har vi hoppa tau. I alle fall snurra pappaen og eg tauet så Prinsessa kunne hoppe. Vi prøvde også;) Det var 1,5 kvadratmeter bar veg utanfor, og det var nok!
I dag fekk eg lyst til å lage pai:) Vi hadde litt ulike spekepølseversjonar i kjøleskapet, og nokre av dei vert ikkje etne. Men i pai vert det jo godt!

Til paien er det greitt å ha noko noko brød, og salat. Sidan eg ikkje hadde loff i frysaren, vart det baking også.


Lerkegarnet mitt ligg langt oppe i korga mi, så eg kjem raskt til det når eg er arbeidsledig. No vart det ei enkel lue med rullekant til Prinsessa. Det er garantert kløfritt;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar