tirsdag 23. mars 2010

Trekning av påskeegg!

No er det gjort:) Det er for seint å melde seg på i konkurransen. Det vart eit heilt arbeid å skrive ut lodd til alle som har meldt seg, og eg hadde god assistanse frå minstesystra mi i arbeidet.

Massevis av lappar i ein stor pose, rist om, trekk ein lapp. Og så..... The winner is:

Maria!


Påskeegget er jo litt hemmeleg, Maria må få lov til å lure bittelitt på kva som er inni... Men eg lettar litt på topploket, så kan alle gjestane på bloggen min sjå og ane kva som kan gøyme seg i egget.

Kanskje går det an å besøke Maria litt nærare påska, og sjå om ho legg ut bilde av innhaldet i sin blogg;)

Til alle som dessverre ikkje vart trekt ut: Takk for at dokke kom innom og la igjen helsing, og lykke til i neste omgong. Eg kjem nok til å gjere slikt fleire gongar, for dette er gøy!

4 kommentarer:

sjeroks sa...

Så utrolig heldig Maria er:D

Må si du lager utrolig flotte ting. Det sjalet lenger ned var bare helt utrolig flott:D

Greta sa...

Så spennde dette var. Tror nok at denne Maria vert veldig fornøgd med påskeegget ho får.

ha ein flott dag i morra

Sidselsidserk sa...

Gratulerer til vinneren! Og god uke til deg:-)

Maria sa...

Tusen hjertelig takk. Jeg er helt overveldet. Å tenk at jeg fikk lur kikket under lokket allerede nå:-)
Jeg kommer helt klart til å legge ut bildet på bloggen.
Har alerede sett meg ut den gode gammeldagse smørbukken,nam,nam....