tirsdag 16. mars 2010

Vi er visst isolerte:)


Dette er litt fascinerende! Møre og Romsdal er isolert frå austlandet, eller kanskje er det austlandet som er isolert frå å kunne kome til oss;) I helga var vi på Lesjaskog, og vi køyrde heim søndag ettermiddag. Hadde vi vore der til mandag, hadde vi møtt problem. Då vart nemleg vegen stengt, og er det enno. Det har gått nokre snøras, og det er fare for fleire ras.

Vi kan site her og ha det koseleg, livet fungerer som normalt. Men det er ganske mange som får store vanskar med å få dagen til å gå saman. Omvegane er lange, og eg tenker at eg nesten hadde valt å bli på hytta framfor å køyre halve Norge rundt.


Det er spennende kva som skjer framover, dei melder meir snø og etterkvart regn, og då vert det berre verre. Mon tru om det er trygt til påskeferien?
NRK har mykje stoff om denne saka, naturleg nok:)

PS: Ikkje gløym utloddinga i forrige innlegg!

7 kommentarer:

sissel sa...

Akkurat nå synes jeg litt synd i dere. Snakka med søstera mi i går, nesten så ho var på gråten for ho var så lei av at det snødde.
Men flya går vel...
Kom gjerne på besøk hvis det blir for ille :)
klem

Greta sa...

Følger med så godt eg kan om korleis det går med dere i heimfylket mitt. en gang sunnmøring alltid sunnmøring. Sjølv om eg har bodde lengre i sogn enn på sunnmøre :).
Godt dere kom dere heim sei no eg.
Nye isolasjonen om du kan. klem fra sogn

Annika sa...

Å fytti, ej trudde ikkje det gikk an å kome meir snøv ej no, also, men jauda...

Søskenbarnet mitt va på hytta på Dombås i helga, å dei reiste heim på mandag formiddag. Dei kom sej akk heim før veiane blei stengt! Snakk om litt flaks!

Nei, vi får berre vere glad for at vi sleppe å vere straumlause osv! Vi kan visst ikkje stoppe dinne snøven uansett (sukk;))!

solveig sa...

Eg som kjem frå Ørsta, har hatt fonn nær innpå meg. I dag rapporterte Arill Riise. Det er sterkt å sjå. Familien hans vart tatt av raset på Riise i 68. Bror hans på fem år omkom. Eg føler med dei som sit utan straum. Etter dødsfonna i Ørsta, som gjekk ca 500 m frå oss, var vi utan straum i to døgn. Det var skikkeleg uhyggestemning.
Godt kvar gong det går fonn utan å ta folk ...

tintin-44 sa...

Vi føler med dokke her på austlandet, husker hvordan det var da jeg bodde der oppe, beskjedene vi fikk om at pappa'n min stod fast mellom to ras i Brandalsstranda osv.
Min kjære mor har måtte legge strikketøyet og broderiene til side, nå dreier alt seg om snøskuffa. Men hjelper det å reise oppover for å hjelpe til da?...neida, som du sier er alt stengt...Kanskje melde seg inn i Norsk Luftambulanse (gjøres via nettet)for så å bli hentet ut av snø-heimen...??
Lykke til, vi får ikke gjort annet enn å synes synd på dere :)

Turid sa...

Håper snart været roer seg hos dere.

Takk for at du var innom bloggen min og er med på min lille giveaway.

Masse hilsen Turid

nragnhild sa...

Hvis du hadde blitt stuck på hytta skulle vi tatt et strikketreff på Dombås eller no - her får en se det positive i alt! ;)
Men skjønner godt at dere er drittlei snø, at det er litt for spennende å ferdes langs veiene, og at det i det store og hele hadde vært greit å slippe det værtullet her! Klem