mandag 5. april 2010

Brannsår!

I dag har eg hatt ein til dels dårleg dag... I alle fall av og til!

Vi har hatt nydeleg ver, eg sneik meg til å kutte litt på Sibirkornellen, som har ein tendens til å vekse seg stor og staut. Litt tid i solveggen vart det også, vi sette ut hagemøblane i dag!

Middagen skulle bli eit lite høgdepunkt: Kokt kveite med agurksalat og gode greier. I siste liten kom eg på at eg skulle ha smelta smør også, så då gjorde eg som eg brukar: Litt smør i ei skål, tørkerull over skåla, 45 sekund i mikroen. Burde ikkje vere noko problem, sidan eg har gjort akkurat det samme mange gongar før, med samme skål. MEN i dag var det noko rart som skjedde! Skåla var mildt sagt kjempevarm, og smøret var ikkje smelta! Det verka som om all varmen gjekk rett i skåla, og smøret smelta berre såvidt av varmen i skåla? Då eg tok skåla for å ta den ut av mikroen, såg eg ikkje at det var noko uvanleg på grunn av tørkepapiret på toppen. Eit lite sekund tok det nok før eg forstod at skåla ikkje berre var LITT varm, men VELDIG! Og sidan eg ikkje likar å sleppe ting på golvet, tok det nokre augneblikk å sette skåla på benken.

Resultatet? Inderleg såre fingertuppar på tommel og peikefinger, heldigvis på venstre hand. I heile ettermiddag har eg gått rundt med ein våt klut rundt fingrane, og no ser det ut til å gå bra. Kan faktisk strikke også....

Men eg blir litt frustrert når eg tenker på kor feil skål/mikro oppførte seg i dag. Keramikkskål av typen eldfast, burde ikkje dette gå fint i mikro? Er det noko eg burde ha visst??

4 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Huff og huff!
Jeg er ingen ræser på mikroovn, men jeg har ikke opplevd at ei skål ble varm.
Da Espelid Hovig i sin tid skulle presentere mikroovn, sa ho at nå kunne hun varme potetene uten at skåla ble varm. Da ho skulle ta skåla ut, brente ho seg, slik som du!
Kunne det være et ørlite skår i skåla, slik at keramikken har trukket inn vann? Da vil eventuelt vannet bli oppvarmet.

Jeg bruker glasskål når jeg på 5 - 10 sekunder koker fiskelever i eget fett...

Vibekes lille grønne sa...

Jeg er litt skeptisk til mikro jeg. Føler at jeg har så lite kontroll med hva som skjer. Så ofte smelter jeg i kjele på kokeplaten isteden. Håper fingrene er bedre i dag! :)

sissel sa...

Au,au,au, synes nesten j kan kjenne hvor vondt det må ha vært. Godt det gikk såpass bra, må passe på strikkefingrane ikkje sant?
Ha en flott tirsdag uten ulykker :)

Greta sa...

Eg har ein micro som av og til oppfører slik. Den er litt gammel og klarer liksom ikkje å omstille seg. Den har kokt ting eg skulle tine og så vider. kanskje microen din begynner å streike. Skåla skal ikkje verte varm, og brukte du ei slik skål du bruker å gjere, så skulle det jo gå bra. Braat du kan strikke da. Ha ei fin dag uten brannsår