fredag 28. mai 2010

Kjempegod service!

Eg har nemnt tidlegare at eg vart overtalt til å melde meg inn i Hobbyklubben igjen. I går fekk eg pakke, og eg gleda meg til å sjå Maskeball. Den boka vart eg lova som innmeldingsgåve. Men eg vart SÅÅ skuffa då eg opna pakken og fann "Strikk, ABC for strikkeentusiaster" og "Strikk i en fei". På vedlagte papir med faktura for frakt gjekk det fram at Maskeball ikkje var i neste pakke heller.

Så i dag ringte eg, og forklarte at eg var lova Maskeball, og eg hadde sagt frå om at Strikk i en fei ikkje var aktuell, for den har eg hatt i heimen. Dama i andre enden sjekka lagerstatus, og lova å sende Maskeball til meg, og eg måtte ikkje returnere den andre:) Så no har eg blitt glad kunde i staden for skuffa kunde:)

2 kommentarer:

Greta sa...

Alle kan gjere feil. Og det er så enkelt og ordne opp i ting og bli glad kunde. For tar ein ein tlf og forklarer situasjonen så vert det otast ordna i ein fei.
Så flott for deg da. Ha ei flott helg

Vibbedille sa...

Herlig med GOD kundebehandling!Jammen ikkje for mye av det gitt!

Blomsten i forrige innlegg var et SYN!!! Erdet ikkje en Clematis da? hmmm Det skal i allefall eg kjøpe i år! De er et syn for øyet!

KOS deg og ha ei herlige MGP helg!

Klem Vibbedille ;))