mandag 24. mai 2010

Trekninga er gjort:)


Eg lova å trekke ein vinnar av ei gåve frå Riga. Eg heldt på å ikkje klare å halde det eg lova. Vi hadde herlege dagar, med ganske mykje å gjere. Så eg rakk ikkje å finne garnbutikk før søndag. Eg hadde fått beskjed om at butikkane var opne søndagar også, så eg var rimeleg skuffa då eg fann ein sjarmerande liten trådbutikk som dessverre hadde stengt.

Vi tusla vidare til markedet, og der ramla eg tilfeldig forbi ein butikk der eg såg litt garn. Ikkje dei mest imponerende mengdene, og mykje akrylsau... Men eg tok med meg eit nøste der akrylsauen i det minste har fått blanda inn litt mohair og ullsau:)

I tillegg legg eg ein nøkkelring av tre og noko sjokolade i pakken.

Nysgjerrig på kven mottakaren er? Ja, det kan eg forstå.
Pringeling er trekt ut! Melding via bloggen hennar er sendt, så håper eg at adressa kjem til meg:)

Gratulerer, og tusen takk til alle som har besøkt meg og lagt igjen ei helsing! Det likar eg.

I løpet av morgondagen kjem eg med meir frå Riga!

4 kommentarer:

Pringeling sa...

Jegvant, jeg vant, jeg vant!

O'lykke!

Maria sa...

grattis til pringeling:-)

Greta sa...

Velkommen heim. Gleder emg til å høyre meir om turen din. Ha ein flott dag. klem

gyldenkron sa...

Grattis til pringeling