tirsdag 27. juli 2010

Ferieproduksjon!

Bilferie er tingen. Då må ein ha enkelt strikk med seg. I alle fall må eg det;)



Denne ferien gjekk jo rundt i sørlege/austlege Norge, og på turen vart det strikka tre luer i Drops Merino, og noko som viste seg å bli ein kjole til minstemor. Det var spennende ganske lenge, både kven av jentene som ville få noko, og kva det ville bli. Eg argumenterte litt med Prinsessa, og meinte at det kunne bli ein vest til henne. Men det viste seg at dette var KLØgarn av store dimensjonar;) Det visste eg jo for så vidt, då det er Viking sitt sportsraggegarn... Garnet vart kjøpt i Kristiansand, fordi eg hadde for lite garn med meg. Og då falt eg for fargen, kombinert med at eg ikkje hadde lyst til å kjøpe dyrt garn til slike svært tilfeldige prosjekt. Minstemor er fornøgd etter at det kom ein ekstra volangkant i nedre kant;)





Luene er også slike prosjekt som blir til ettersom dei vert strikka. Unntaket er den stripete Tychus-etter-hukommelsen-lua. Eg har strikka nokre slike Tychus-luer før, og ca i Oslo kom eg på at det kunne vere gøy å strikke ei til:) Alle luene er strikka av Drops Merino, mjukt og kløfritt!

4 kommentarer:

Greta sa...

Så imponert over at dus trikker så mykje på frihånd. det er godt gjort. Strikker litt i bilen på lengre turer eg og, men da må det vere veldig enkelt og eg strikker ikkje der det er mykje svinger. Og heller ikkje når eg kjører sjølv hihi.
Ha ei fortsatt fin uke

Ina sa...

Du har jammen vært produktiv i ferien! Søt kjole, men synd med klø-garnet da. Håper jenta vil bruke den lell ;)

LivM sa...

Riktig skjønn kjole og flotte luer. Ja det er viktig at det ikke er klgarn, og Drops merino er bare supert i så henseende, helt kløfritt!

lise sa...

Kjempeskjønn kjole - heldigvis går det fint å ha tynne bomullsklær under tøffe kjoler!