torsdag 5. august 2010

Kyss frosken!

I dag hadde vi med ein ekstra gjest på tur, og tre jenter kan finne mykje gøy ute! Med hjelp av pappaen vart det for eksempel ein frosk....

Ingen ville teste ut om det fungerer å kysse frosken. Alle tre visste at då skal frosken bli ein prins, men likevel feiga dei ut, gitt! Eg treng ikkje nokon prins, eg har jo ein frå før;) Men dei er ganske modige, prinsessa mi heldt frosken lenge og ville helst ha han med seg heim.

Gubben lurte oss med på tur under falske forutsetningar. Han meinte at det heilt sikkert var mykje blåbærlyng på vegen opp mot Hammarstøylsvatnet. Men det var ikkje sant!

Vi fann nokre tuer, men det vart ikkje store innsamlinga. Faktisk var det så lite at dei tre jentene åt opp etterkvart som vi plukka. Minstemor er smart nok til å tilby seg å "passe på" koppane med blåbær - og på magisk vis krympar innhaldet bort...

Men det var jo ein fin tur uansett! Vi hadde flaks og fann ein liten koloni med kantarell, så no har eg kosa meg med steikt kantarell. Det er snadder!

Ikkje slett så happy med det nye myggstikket på leggen....

2 kommentarer:

Greta sa...

Nok ein fin dag med ein fin tur. Kva skal dere i morra da?

Silje sa...

Nydelige bilder, og fin/ekkel frosk. Ser ut som dere hadde en flott dag :)