lørdag 28. august 2010

Nybaka bollar med ripsgele?

Det er godt med fersk heimebakst, og så luktar det så godt i huset! Jentene kjem som raketter for å hjelpe til, og dei er ivrige ei lita stund. Men når magen er full av deig, er dei stort sett ferdige med innsatsen;)



Her ein dag laga eg verdens beste bollar. I alle fall seier oppskrifta det. Du kan finne oppskrifta på nettet, nærare bestemt hos Det søte liv. Du må søke opp Verdens beste bollar sjølv;) Eg har laga dei før, og veit at eg likar litt meir kardemommesmak. Så eg tok 2 ts i staden for 0,5 ts kardemomme.

Bollane er lette, luftige og veldig gode!

Og med ripsgele på toppen vert det vel enda betre? No har eg fått svigermor si oppskrift, så no er gubben glad og fornøgd. Dette er slik han syns ripsgele skal vere.

Svigermor si oppskrift er slik:

Plukk rips, nok til den største gryta du har. Fyll vatn i panna slik at du så vidt ser vatnet nedi panna, eit stykke under dei øverste ripsbæra. La vatnet trekke ei stund, til du ser at ripsa er "skrukkete" og litt bleik, då har alt det gode trekt ut i vatnet. Ikkje rør, bæra skal helst ikkje knusast for mykje. Då risikerer du at geleen vert uklar.
Aus alt saman opp i silekledet, og la det stå til det sluttar å renne.

Mål opp safta.
1 liter ripssaft treng 1,3 kilo sukker for å få svigermor sin gele. Og i tillegg ein halv pakke fruktpektin. Der er det berre å følge oppskrifta på posen eller flaska.
Etter litt kok og rør er geleen nesten garantert klar.

Med så mykje sukker og pektin i tillegg MÅ det bli gele av det:)



2 kommentarer:

Helen sa...

Åh, jeg tror jeg må ringe på hos naboen og spørre om jeg kan få plukke rips. mmmmm

solveig sa...

Med litt umodne/nettopp modne bær i,noko som er for seint no, bruker eg kilo på kilo med bær og sukker. Vår kollega W lagar rågele. Det må vi prøve neste år.