søndag 17. oktober 2010

Så deilig å vere inne

Eg sit i sofaen og skal eigentleg legge meg. Men eg nyt lyden av regn og vind mot glaset:) Det er skikkeleg haust i kveld, og det er ei god kjensle. I alle fall når eg ikkje skal ut. Pus ligg under bordet og er ikkje slett så glad i ruskeveret, for han brukar å vere ute om natta;) Han veit godt at han snart må ut, og han likar det dårleg.

Vi har ikkje fyrt i omnen enno, men det skjer nok ein av dei fyrste dagane.

Elles har vi vore kulturelle i dag også. Ganske flott korpskonsert i dag, med songsolistar og kor til. Jentene var med, men dei måtte ha litt drops og denslags for å trivast...

Vermelding på NRK no: Liten storm i morgon. Og store mengder regn. Eg er glad eg har bil og innejobb.

No skal eg krype under dyna og høyre regnet tromme mot soveromsglaset.

Og i morgon må vi få kontakt med Røros, dei har selt kjølehjørne til oss, og no er det varmt. Igjen. Blir sur av å tenke på det, så eg let det vere. Maten har det ok i plastkasse utanfor døra, og vi klarer oss. Då vi kjøpte nytt kjøleaggregat i fjor sommar, var det like varmt ute som inne. No er det i det minste litt kjøleg ute, så maten overlever litt lenger. Men det er berre 1 år og 4 månader sidan sist. Berre sjå her: Sukkeinnlegg frå juni 2009. Den gongen enda vi med å kjøpe nytt aggregat, for det gamle var ødelagt. Heldigvis er det enno garanti på det nye!

Nei, nok om varme kjølehjørne! Leggetid med regn på ruta er kjekkare å fokusere på!! Ha ei fin veke:)

4 kommentarer:

almaPalma sa...

Kor kjekt at du ville vere med på blogglotteriet mitt.:) Du får kose deg med Hareidsstemna! Ser du har vore på konset. Eg var på opninga av kunstutstillinga til Marita Bett Jensen i går ettermiddag. Det var ei fin oppleving. Mange flotte maleri!
Ha ei fin veke!

Greta sa...

Eg likte bedre hausten og skikkelig ruskever før. Kanskje har det med at eg ikkje kan sjå sjøen akkurat her eg bor.
Men det er kos inne når det er dårlig ute.
Irriterende med det kjøleagregatet. er alltid så mye styr med ting. Var ikkje slik før. he he. Noen som begynner å verte gammel her:9 Ha ei flott uke

Tovepia sa...

Dette er virkelig tida for innekos;)
Så iriterende med kjøleaggregatet! Håper du får ordnet det snart.
Kos deg i blesten og klem fra meg;)

Vibekes lille grønne sa...

Høres ut som innekos er tingen hos dere ja! Liten storm er ingen spøk. Håper dere får orden på kjølehjørnet, sånne ting er så kjedelige! Ha en fin uke! :)