tirsdag 18. januar 2011

Mannen i mitt liv fyller 40!

Hipp hurra:) No er det snart bursdagen til gubben! Det vert ikkje så mykje feiring i morgon, men eg har bestilt ei marsipankake som kan vere til i morgon:) Kan jo hende at nokon tek turen innom på ein slik dag. Laurdag vert det ei litt større feiring, men ikkje storfest. Han er ikkje så ivrig etter slikt, så vi satsar på søsken og foreldre og denslags. Det vert ein bra flokk likevel, med smått og stort.

Eg er spent på om bursdagsgåva vil falle i smak. Han snakkar med iver om randonné-ski, men eg veit at han får bidrag til slikt frå fleire andre. Eg ville kjøpe ei anna kaffimaskin, ei som kvernar kaffebønner for kvar kopp. Men eg vart overtalt til å kjøpe denne i staden. Det er ingen ulempe at den var mykje rimelegare...


Det kan jo hende at gubben vil bytte til den andre typen, med kaffebønner i staden for kapslar. Men i så fall står han sjølv for valget;)

I dag har eg forresten investert: Broddar er på plass, og har blitt testa. I går ramla eg hardt og brutalt, og eg har framleis vondt i bakenden.... Så i dag har eg tatt konsekvensen av det, og faktisk spasert ein tur på isen. Uten å vere bekymra for å skli. Fantastisk:)

5 kommentarer:

Annika sa...

Det blei sein kveld på dej også i går ja?

Gratulerer til mannen! Håper dokke får ei fin feiring, både i dag og laurdag!

Frau Putz sa...

Gratulerer med manden.

~ Karina

Greta sa...

Gratulere til din unge mann. Kjekt å verte 40. flott gave. Vi fikk oss kaffikvern til jul og det er noe spes å male kaffien sjølv og så bruker eg presskanne da. Har ikkje sånn fin kaffimaskin :0).
håper gubben får ei fin feiring og at du tar godt vare på han no da. Kjempelurt med brodder.. Ha ein fin dag/uke/helg med masse feiring av din kjære

Jaja74 sa...

Hei og gratulerer med mannen! Eg fikk ei slik maskin i julegave med mann og barn. Er veldig fornøgd med mi, men likar best smakane med melk. Eneste eg var misfornøgd med er at man må passe på at blandingsforholda. Litt for mykje eller for lite vatn har mykje å seie for smaken:) Lykke til med både feiring og maskina!

Torunn sa...

Gratulera til mannen!