onsdag 26. januar 2011

Sånn flaks med augebetennelse....

I dag vakna minstemor med augebetennelse. Skikkeleg kjedeleg, samanklistra og raud. Vi fekk vaska vekk det verste, og så fekk ho bli med mamma på jobb nokre timar. Legen skreiv ut resept, og augedropar er på plass, så i morgon er det kanskje mykje betre. Men kvar kjem flaksen inn?

Jau, eg hadde ein tannlegetime rett etter jobb i dag, og ville ikkje ta med minstemor som har tannlegeskrekk frå før... Eg visste at eg skulle bore, for eg måtte reparere ei tann som hadde mista ein bit. Framleis ikkje teikn til flaks, seier du? Jaja, tanna vart bra, men kontoen vart kvitt 1060 kroner. Ikkje akkurat flaks...

Men det blir betre:
Svigerforeldra mine er heldigvis av og til ledige på markedet, og dei kom og tok over ansvaret for minstemor kl 12. Det resulterte i svigermors nydelege potetball til middag! Flaks:)
 
Prinsessa fekk lurt med farfaren på å spele spel også:)
 




Posted by Picasa

4 kommentarer:

Greta sa...

Hell i uhell er vel ein meir rett overskrift på det der. eller ikkje så galt at det ikkje er godt for noko. Den ballen såg god ut ja

sissel sa...

Sånn flaks kan nok ikke jeg vente meg i dag... jobber til 5 og det er mannen som fikser middag og "ball" er ikke hans greie..
Men guri så godt det såg ut. God bedring til veslejenta.
Ha en koselig torsdag (tenker du er bra mett )

Marianne sa...

Du må gjerne sende svigermor min vei når hun har tid! :)
Hyggelig at du har blitt følger hos meg, håper du får ett og annet tips!
♥ Marianne

PS: Når gutta mine har øyebetennelse vasker (dynker) jeg øyet i sterk kamomille-te. Det gjør susen på lettere 'anfall'.

Jorunn S. sa...

ÅÅÅÅÅ! Det såg godt ut.
Har en pakke men mammas potetball i fryseren, tror sannelig jeg må ta den ut i dag....
Blir ikke helt det samme når den har vært i fryseren, men bedre enn ingen ball!!!!