mandag 28. februar 2011

Oppdatert knekkebrødoppskrift

Eg har tidlegare blogga om desse knekkebrøda, både ein og to gongar. Men etter at eg la ut oppskrifta har eg gjort nokre små justeringar. Og då ei svigerinne som nyleg feira 40 årsdag (hurra!!) ville ha oppskrifta, fann eg ut at det kanskje var like greitt å legge den ut på bloggen igjen.

3,5 dl sammalt rug
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1,5 dl graskarkjerner
1 ts salt
7 dl vatn

(Ein kan sjølvsagt gjere endringar i mengdene, og det er ca like godt med valnøtter i staden for graskarkjerner. Men eg har brukt salte graskarkjerner, og det vart snadder! Eg har også teke vekk 1 ts honning, om du syns det er godt med litt søtt, er det kjekt å teste!)

Eg heller alt i ein stor bolle og rører saman.

Fordel deigen utover 3 steikebrett, på bakepapir. Slikkepotten er grei å fordele røra med.
Set i omnen på varmluft 160 grader, 10 minutt.
Skjer knekkebrøda i passe størrelse. Bruk eit pizzahjul.
Set tilbake i omnen og steik vidare.

NB: I originaloppskrifta er deiga fordelt på to brett, ikkje tre. Men eg likar knekkebrøda best når dei er tynne, så difor vart det tre brett her. Og då steiker eg like godt alle tre bretta samtidig.
Varmluft og 160 grader er supert, men eg byttar plass på bretta to gongar. Fyrst steiker eg dei i 20 minutt, og så flyttar eg nederste brett til toppen og dei andre eit hakk ned. Steik vidare i 20 nye minutt, flytt på samme måte. Steik i 20 minutt til.

På denne måten blir alle knekkebrøda vanligvis godt steikte. Men om det skulle vere nokre som er litt mjuke under, legg eg dei på rist i omnen ei stund på ettervarmen.

Det aller beste er slike knekkebrød med smør og kvitost:) Mmmmmmm!

Ingen kommentarer: