onsdag 2. mars 2011

Blod!

No har eg hatt ein super dag:) Eg har god samvittigheit, og eg har fått gjort mykje, samtidig som eg har vore på shopping!
Sidan vi skal til Tyrkia i sommar, måtte minstemor ha nytt pass. Dei varer berre i 2 år til borna passerer 5 år! Dei forandrar seg jo ganske mykje i løpet av eit par år, så det er forståeleg... Men det er kjedeleg å oppsøke politiet i tide og utide. Helst skal dei jo ha med begge foreldra og barnet, men eg klarer ikkje å få gubben til å ta seg fri frå jobb i fleire timar for å bli med;) Heldigvis godkjenner dei at han signerer på at barnet skal få pass.

Jaja, i alle fall fekk vi bestilt nytt pass i dag. Og sidan tre damer i varierande alder var i Ulsteinvik på tur, måtte vi innom nokre butikkar. Etterpå stakk mora av til Ålesund utan jentene. Det var ei ny oppleving å kome til sjukehuset og få gratis parkering, rett ved døra. Slik er det å verte sett pris på!
Nokre opplysningar må blodbanken ha, og så litt blod til ei blodprøve for å sjekke om eg er frisk nok til å bli blodgjevar. Konklusjonen må eg vente på, men truleg får eg melding om å kome til tapping etterkvart.

Gubben lurer på om eg vil verte blodgjevar berre for å få ein dag på Moa av og til. Neida, det avkreftar eg på det sterkaste! Eg er ikkje så egoistisk!

Eg sa ingenting om at eg klarte å få inn ein liten time på Moa før eg skulle vere på sjukehuset. Og eg sa heller ingenting om at eg handla ein lekker strikka kjole/tunika. Toppen i den nydelege grøne fargen (nesten akkurat som Wollmeise Neptun) i silke, den var jo nedsatt 70%, så den måtte eg berre ha. Slikt er det ikkje verdt å nemne.

No er jentene på besøk og i bursdagsselskap, og eg trudde eg skulle i forliksrådet. Heldigvis kom eg på å dobbelsjekke møtetidspunktet, for det er jo i morgon.... Eg er så "heldig" at eg er møtefullmektig. Eg kan bli beden om å møte i staden for firma som ikkje har folk her i området, og så skal eg representere deira meining i forliksrådet.
Brått fekk eg frikveld utan at eg hadde rekna med det, så då må eg vel strikke litt:)

4 kommentarer:

Charlotte sa...

Supert å være blodgiver. Er man frisk, rask og har nok blod så burde man bidra. Norge har alt for lite blod. Meldte meg som blodgiver for noen år siden, mest for å bekjempe sprøyteskrekken min. Og angrer ikke ett sekund.

Fra det lille røde huset.. sa...

Du er ikke tiltaksløs må jeg si, - driver med noe hele tiden! Flott at du vil gi blod,...det trengs!
Meldte meg som blodgiver da jeg jobbet på Molde sykehus, men fikk beskjed om at det apparatet de analyserte blodet mitt med, gjorde utslag på ett eller annet... Så da måtte de sende en prøve til Trondheim, og innen de fikk svaret derfra var blodet blitt for gammelt...og kunne ikke brukes. Jaja, men jeg gjorde et helhjertet forsøk i allfall!
Ha en flott dag!

Inger Grethe

Strikkebesta sa...

Så flott at du er samfunnsengasjert og stiller opp der du kan:) Eg har også tenkt på å bli blodgjevar, men sidan eg har utvikla diabetes med åra er det toget gått for min del..
Kjekt å handle når varene er sett ned med 70%, då føler eg også at eg har gjort eit skikkeleg varp. Lukke til i forliksrådet i dag - og ha ei flott siste helg i vinterferien!

mimouna sa...

Får ikke gi blod jeg, men det er flott at de som kan gjør det.

Og så minnet du meg på å sjekke datoene på passene våre. Heldigvis ligger politistasjonen så pass nærmt at jeg kan vinke til dem fra her jeg sitter, men det hjelper jo lite hvis glemmer å bestille nye pass.