fredag 18. mars 2011

Varmt nytt

No har eg nye tøfler på meg:) Desse er strikka av Incawool, og er tova svært, svært forsiktig. Likevel måtte eg strekke dei for å få dei til å passe til meg. Det er varmt og deilig med tova tøfler, og i kveld passar det godt.

Vi er på tur til Bjorli, nesten tilbake til gamle hytteminne. I mange år har vi hatt tilgang til hytte gjennom svigerforeldra mine, men no må vi sjølve leite opp alternativ. Denne helga var det gode tilbod på Bjorligard hotell, så no sit vi i ei ok leiligheit, med stove og to soverom. Eit av særtrekka her er at nesten alle leiligheitene har dør ut frå stova. Praktisk når ein skal bere inn og ut bagasje, vi berre parkerer utanfor og lemper alt rett inn. Men det er ikkje så veldig godt isolert, for å seie det slik. Pakningane er så godt som borte, og då vert det golvkaldt!

Gullungen på 4 år er i full fart omtrent heile tida her. Det er mange born på hotellet denne helga, og ho er ikkje redd for å ta kontakt med andre. No har ho skaffa seg tre bestevenner, og det er jenter ho aldri har sett før... Prinsessa er av ein heilt annan type. Ho tek ikkje kontakt med andre på samme måte, og brukar lang tid på å våge å nærme seg. Heldigvis kan ho slenge seg med veslesøstra av og til;)

Elles er eg ikkje sikker på kva eg har hekla her:
Eg tenkte at det kunne bli eit gryteunderlag, ei hekla rute av restegarn, og så lett tova. Men akkurat då den var ferdig, oppdaga minstemor at den kunne vere eit dokketeppe eller noko slikt.

Eg veit ikkje kva det er. Bruken får avgjere!

1 kommentar:

Greta sa...

Har sett oppigjennom åra att det er ofte att nr to har mye lettere for å få venner og ta kontakt , enn førstemann. Men det forandrer seg nok etter kvart.

liker dere på Bjorli skjønner eg. Kos dere masse masse klem