tirsdag 19. april 2011

Bursdagslue


Eine tanteungen min har hatt bursdag utan å få pakke på dagen, og det er jo ille! No kom dei på påskeferiebesøk, og då måtte pakken vere klar:) Det var greitt å putte ei nystrikka lue i pakken, saman med litt kontantar og bittelitt sjokolade.... Eg var spent på om lua ville falle i smak, men jammen har den blitt brukt alt. Det seier vel litt om påsketemperaturane på Sunnmøre.... I dag er det faktisk ikkje så kaldt, og det regnar berre litt av og til :)

Dei siste dagane har det plaskregna, så blomsterbedet mitt såg ut som kinesiske rismarker i fleire dagar. No er det i ferd med å tørke opp, så det kan hende at løkane mine ikkje druknar heilt enno. Kanskje.

Lua er forresten strikka av Nepal, mjukt og deilig garn! Oppskrift hadde eg ikkje, det vart to rett og to vrang og nokre fletter lett henslengt her og der.

1 kommentar:

Greta sa...

Flott lue. Skjønner ho vart glad for den. Er det kaldt på sunnmøre , det var da litt kjedelig. Tror det er varmere innover i fylket. På Sjøholt sitter det folk på verandaen og nyter sola :0).
Ha ei stråaldes påske min venn