lørdag 9. april 2011

Den ultimate give-away

Det er populært å gje vekk ting på bloggen sin. Eg gjer det også:) Men kva er nokre garnnøste eigentleg, dersom du samanliknar med ting som verkeleg utgjer stor skilnad for menneske? Det er for eksempel stadig mangel på donorar av ulike organ. Eg veit at det kan verke litt uggent å love vekk hjarte, lunger og andre organ, men det er jo ikkje akkurat slik at du treng dei etter at du er død...

Likevel litt uggent? Ja, kanskje. Men så er det jo ein viss fare for at det er DU som kan trenge nye organ ein gong. Eller borna dine, eller andre som du bryr deg om. Litt lettare å vere positiv til å motta organ enn til å gje dei vekk? Hmmmmm.....

Eg har ikkje skaffa meg donorkort enno, men eg har sagt frå for lenge sidan til både foreldra mine og mannen min: Dersom nokon kan bruke noko av det eg ikkje treng lenger, er det berre å forsyne seg. Stiftelsen Organdonasjon kan gje meir informasjon, og du kan bestille donorkort. Det skal gjere det lettare og kjappare å finne ut om du (eller eg, da!) kan vere aktuell til organdonasjon.

Når vi fyrst er inne på store give-away-ting: Gi Blod Det er ikkje så drastisk som å gje vekk hjartet;) Til gjengjeld kan du rekke å gje blod mange gongar!

3 kommentarer:

Linda sa...

Organdonasjon er ganske viktig. Eg har eit organdonasjon kort i lommeboka, og det har eg hatt i fleire år.

Annika sa...

Det var ei flott vinkling på temaet det! Meir spennande enn eg skreiv, men, men ;) Viktig med fokus på det!

God helg!

Annika sa...

Forresten - kjekt at vår innsats i dag inspirerte til innlegget her ;)