onsdag 13. april 2011

Fullt hus!

Slik såg det ut i gangen min i går. Og dette er berre ein liten del av bagasjen, litt stod ute, litt var plassert lenger inn i huset.10 ungdomar var gjestar her sist natt! No var min eigen Musikant ein av dei, så det var vel strengt tatt berre 9 gjestar:)

Musikanten min er elev på Rønningen Folkehøgskole i Oslo i år, og no er heile skulen på turné. I går fekk vi sjå musikalen Rock My Soul, og heile teamet til Musikanten vart med oss heim. Heldigvis hadde eg tilgang til fleire hus å sove i, foreldra mine var bortreiste, så der var det mange ledige senger. No konkluderer eg med at eg må ha blitt veldig mykje flinkare til å skifte sengety. I alle fall har eg trena masse....

Og så er eg veldig glad for at butikkane sel gode brød, som kan skjerast opp maskinelt. Tenk å skjere opp alle dei brødskivene!! Det gjekk ein del brød og rundstykke...

Eg falt for t-skjorta til ein av gutane som var her. I dag stilte han i t-skjorte med påskrifta -Knitting is underestimated-, på norsk: Strikking er undervurdert. Herleg!!
Jentene var skuffa over at alle dei spennande gjestane skulle reise vidare alt i dag tidleg. Dei hadde nok likt å ha så kule overnattingsgjestar litt lenger.
Vi får berre ynskje dei velkomne tilbake:) Kanskje ikkje alle på ein gong?

1 kommentar:

Greta sa...

Skal sei du er tøff. Så mange gjester. bra du har husvere like i nerheten så du sjølv slapp å ligge på golvet.