torsdag 26. mai 2011

Obligatorisk barnebok, også for vaksne

Det er nokre bøker som set seg fast. Nokre fordi dei er triste, nokre fordi dei skaper engasjement, eller av andre grunnar. Eg trur at eg hugsar aller best dei bøkene som får fram tårene. Sannsynlegvis er eg ikkje spesielt sentimental og lettrørt, men bøker og song har god effekt på tårekanalane mine....

Minstejenta har alltid så mange spørsmål. Og alle svar blir møtt med oppfølgingsspørsmål. Men då eg las boka "Farvel, Rune" til henne, hadde ho ikkje så mange spørsmål etterpå. Eg trur den traff henne også.

Boka er skriven av Marit Kaldhol, og den er frå 1986. Eg hugsar godt at eg har lese den mange gongar, men eg er ikkje heilt sikker på når eg las den fyrst. Det eg veit, er at eg knapt klarer å lese den utan å svelge unna tårene no heller.

Rune og Sara er bestevener. Rune døyr i ei drukningsulukke, og vi får bli med i sorga, gravferda og tida etterpå. Det er noko med måten boka er skriven på som er perfekt til temaet. Ikkje overdriven sentimentalitet, men nært, varmt og utruleg trist.

Har du ikkje lese den sjølv, eller for borna dine? Ta ein tur til biblioteket, eller innom Haugen Bok. Dette burde vere ei obligatorisk bok for alle! Og kvifor skal ein vente til borna opplever sorg tett innpå seg? Vi veit at det kjem til å kome...


6 kommentarer:

Greta sa...

Eg skaffa meg den boka med ein gong den kom, men var ikkje klar over innholdet før eg las den og den tok meg veldig. Marit kaldhol var naboen våres i ett par år. Det var vel derfor eg kjøpte boka, emn angra ikkje nei. Måtte faktisk legge den vekk første gongen eg skulle else den. glad eg las den for meg sjølv først.

Linda sa...

Den boka har eg lest til jentungen mange gonger, veldig fin bok.

Sidselsidserk sa...

Denne boka kjøpte jeg for mange år siden, men den var vankselig å lese høyt for ungene fordi jeg gråt og gråt.... Ei trist men allikevel fin bok

ariel sa...

Ein tidlaus klassikar om eit vanskeleg emne, blotta for sentimentalitet.

Sisselshverdag sa...

Takk for tipset. Har opplevd å miste en av mine sønner (1 av 4) i en drukningsulykke, han ble 9,5 år. Får lese den på en langfri en gang :)

Ha en strålende helg :D

Maria sa...

Den der kommer jeg nok ikke til å lese til mine barn nei. Leste den for leeeeenge siden,å hikkstet og gråt som en gal. Utrolig fin bok.