fredag 17. juni 2011

Runde

Vi har hatt ein fin tur til fugleøya Runde for nokre dagar sidan, eg har berre ikkje kome på å fortelle om det. Det er ei lita perle, flott natur å sjå på, og ikkje så krevende terreng for små bein. Sjølvsagt er det fullt mogleg å gjere turen både lenger og brattare enn det vi valde. Men vi hadde med stormkjøkenet og laga middagen vår i ei skråning der vi kom i ly for vinden.

For å sjå mest mogleg fugl, er det smart å vere på plass om kvelden når fuglane kjem inn att frå havet. Då er det masse liv og røre, og på fine sommarkveldar er det visst mange som sit stille og ventar på fuglane.

Det vart meir og meir vind i løpet av dagen, og på nedturen fann eg ikkje att buffen (lua) til minstemor. Eg hadde ikkje med fleire luer, men ein ekstra genser til storesystra. Den fekk eg knyte på minstemor omtrent som eit skaut. Fungerte kjempebra:) Men minstemor var ikkje heilt begeistra. Ho sette trutmunn og forkynte: Det ser tåpelig ut!

Likevel: Varmen gjorde at gensarskautet fekk vere på.

2 kommentarer:

Sisselshverdag sa...

Ja du må jo skjønne at en må tenke på hvordan man tar seg ut når en er på tur :D :D Herlig :D Har faktisk aldri gått tur på Runde, kanskje en idè når jeg kommer oppover i sommer ;)

Ha en strålende helg :D

Tess sa...

Å ja, der er det flott! Nesten så jeg tror det blir en tur dit senere i sommer for å besøke slektninger.

God helg!