onsdag 6. juli 2011

Sommar og sol:)

Eg er her:)

I dag (tysdag) har vi hatt sol, i alle fall etter at skodda letta. Herleg! Men litt vanskeleg å kombinere med at minstemor var sjuk i går. Eg har litt problem med å la henne herje i vilden sky når ho hadde 39 i feber i går. I dag verka ho frisk, men kven veit?

Morsomt å måle feber, forresten. Magi har vore på ferde, så øyremålaren viser fahrenheit i staden for celsius. Det er ganske overbevisande feber når målaren seier 101,5...
Då eg putta jenta til køys i går kveld, kommenterte eg at ho var så kokvarm på ryggen. Etter ei god natts søvn, sa ho sjølv at no var ho ikkje kokande varm lenger, og det stemte jo heldigvis.

I morgon (onsdag) skal eg til blodbanken og tappe litt av overfloden:) Det er litt ok å gjere det no når eg har fridagar innimellom. Arbeidsdagane er ikkje slitsomme heller, men i morgon har eg sett opp avspasering heile dagen. Herlig!!

1 kommentar:

Brit sa...

Lykke til med blodtappingen og ønsker deg at skodda letter for godt og SOLA for badet seg hjemme hos deg:)