lørdag 13. august 2011

Trampe er tilbake:)

Sidan eg sukka i forrige innlegg;) Trampe er no tilbake på plass i buret sitt! Over ei veke på rømmen, og likevel klarte Prinsessa å fange han då ho endeleg fann han i går kveld. Han var framleis i det same området som han var sist vi såg han, men eg hadde ærleg tala gitt opp... No var eg sikker på at han hadde gått vidare i verda, og at vi ikkje kom til å sjå han igjen. Eg hadde alt lova minstemor at vi kan skaffe ei ny kanin til våren;) Men no slepp eg det!

Dei var lykkelege, begge jentene! Og Trampe verka fornøgd, han også.

I dag vart eg overraska over at Trampe sat stille innanfor døra til buret sitt då eg let opp. Han brukar vanlegvis å stikke inn i den andre halvdelen, slik at eg ikkje får tak i han. I dag sat han og let meg klappe han lenge! Trur det var slitsomt å vere på rømmen:)

Det vart ei god helg!

Ingen kommentarer: