mandag 28. november 2011

Advent alt no?


Det er visst nokre dagar sidan sist eg hadde tid til å blogge noko... Ikkje bra! Men eg er jo her, det er berre den daglege drifta som tek litt meir oppmerksomheit. I går var det fyrste søndag i advent, og vi tende sjølvsagt eit lys i staken. Det har vore godt innever denne helga, så vi har kosa oss maksimalt inne;) Stormen Berit var på besøk fredag, og ruska litt opp rundt oss, men vi slapp vel greitt unna her.
Det einaste fanteriet ho ordna, var ei diger bjørk som knakk i vindkasta. Det høyrest imponerende ut, men bjørka var gammal og rotna, så Berit måtte ikkje jobbe altfor hardt for å få den ned.... Men eg må innrømme at det er greitt å sleppe damene til med trefelling av og til. Denne bjørka stod nemlig slik plassert at det var litt skepsis til å felle den utan profesjonell hjelp. Den la seg i retning straumledningane, og det er litt kjedeleg å la treet røske med seg ledningar i fallet. Heldigvis var Berit ei oppegående dame, så ho la treet ned den vegen det var fri bane. Gubben min kommenterte at det der hadde ikkje han klart, om han så hadde to traktorar!

Sidan vi bur på ei øy, er vi avhengige av ferje eller hurtigbåt om vi skal til Ålesund og den retninga. Ferja går nesten uansett, men av og til må båten legge til kai og vente på at vinden skal roe seg. Fredag ettermiddag vurderte nok mannskapet ombord at det skulle gå bra enda ein tur. Men det var Berit uenig i!
Dette biletet har eg henta frå VG, for eg var ikkje ombord i båten.... Det var sikkert litt spennande då ei bølge slo inn døra i fronten av båten. Vatnet kom visst inn i ganske store mengder, men ingen vart skada. Så då er det sikkert ok;)

4 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Iiiiik!! Ja, eg las om dinna bølga i Sunnmørsposten! Huff, det måtte være ei ekkel opplevelse.
Men det var flott med det treet som la seg over i rett retning!! :)

Greta sa...

Kan vere spennde med besøk av sånne damer. Ein bør i alle fall holde seg unna sjøen trur eg.
Ha ei fin adventstid

Bøllemamma sa...

Så flott at Berit ordna opp med bjørka deres! Har en gang i tida også bodd på en øy, og det kunne bli ganske så værhardt, men det var en del av sjarmen.

Sisselshverdag sa...

Ja dere har hatt skikkelig vær i helga, det hadde gått fint med mine der oppe også.
Glad ikke jeg var på hurtigbåten da døra slo inn. Det holder å kjøre over Breisundet på en vanlig dag synes jeg ;)

Ha en strålende adventstid :D