tirsdag 6. desember 2011

Kaniner er ålreite dyr


Det er berre å innrømme det: Dei er søte, både Trampe og Line;)

Trampe er no så stor at han klarer å forhalde seg til konseptet do. Men Line er som andre babyar, det kjem berre ramlande noko stadig vekk. Så dei må vere på gangen, for der er det lettast å halde kontroll og plukke kaninperler... Det er jo berre korte økter dei får vere inne, da! Mesteparten av døgnet bur dei ute i bura sine, og har det visst ok der. Eg ventar framleis på at Gubben skal få tid (og rygg) til å snekre eit større bur der dei får vere saman. Det kjem nok etterkvart;)

1 kommentar:

solveig sa...

Nydelege kaninar! Vi har oppdaga at anten er kaninane husreine, eller så er dei det ikkje. Dei som er det, kan ein ikkje ha inne så lenge om gongen, for då får dei forstoppelse. Ei av våre var i alle fall sånn.