tirsdag 3. januar 2012

Hagegjest


Denne vesle karen flytta inn i hagen vår i romjula. Han gjorde nok ei rask vurdering av fordelar og ulemper: Kaninbur gir tilgang til litt mat som kaninene ikkje gjer kål på. Katt i huset er ein viss risiko. Men her vart fordelane vurdert som større enn ulempene.

Tabbe.

Katten var godt fornøgd då eg såg han med fuglemiddag... Fuglen var ikkje så livlig lenger, for å seie det slik;)

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Han hadde det nok fint så lenge det varte, den lille fuglen :)