

Pappa har teke seg av snikringa, men han har hatt god hjelp frå to ivrige jenter. Dei har vore der mykje, særleg minstemor! Og då buret skulle malast, var borna i full aktivitet.
Så får vi tru at kaninene set pris på kvarandre også når dei skal dele bur heile tida.... Vi har sett at dei likar å vere ilag, og eg trur at når buret er nytt, vil det vere lett for dei å dele plassen. Det hadde vore langt verre å sette ei kanin inn i ei anna kanin sitt domene.

2 kommentarer:
Sjå der ja! Det var litt av eit sjefsbur dei har fått seg! Så får vi håpe at det ikkje vert kaniner på rømmen fleire gongar - og at dei trivast i lag :)
God helg, sjåast måndag?!
Flott bur og søte kaniner! Herlig med litt ekstra plass å leke seg på.
Legg inn en kommentar