lørdag 21. januar 2012

Rask visitt i Oslo

Eg har vore ein rask tur til Oslo sist veke. Flaks å bli beden om å reise på konferanse i Tigerstaden, så eg kan kombinere med besøk:)

Eg overnatta hos ei venninne frå gamle dagar, det var skikkelig stas å få tyte nokre timar! Og så besøkte eg Musikanten i kollektivet hans før eg reiste heim om kvelden. Det var imponerende å sjå og smake kva den eine karen i kollektivet laga til middag. Nydelig godt, rett og slett! Store mengder grønsaker, scampi, svinekjøt, saus og krydder, til saman ein fantastisk wok-rett. Eg kunne gjerne hatt denne herren buande her i ei veke eller to:)
Det er ikkje kvar dag det er fint ver her på Sunnmøre, så eg må syte for å dokumentere at det skjer av og til...

4 kommentarer:

Greta sa...

Så kjekt da. både få treffe gamle kjente og sjå att sonen har det bra der han er. Ein veldigvellykka tur med andre ord. Ha ein fin søndag

Annika sa...

Kjekt med Oslo-snartur :) Har du vore i Brandal også (nestsiste bilde)?

Annika sa...

SV: Ja, sant! Kjempeskjønn :) Der var sjølvsagt lys på først også, som blei blåst ut av jubilant med litt hjelp frå foreldra :) Ein kjekk dag!

PS! Har du forresten testa ut adressa anlen.blogspot.com? Eg skreiv det ved ein feil for å kome til din no... Hehe...

Lonemor sa...

Så koselig blogg du har og så mye fint du lager! Likte godt å se alle luene (og sjal)som du strikker. Islenderen du strikket er kjempefin! (Jeg har nettopp strikket en islender i Mitu til dattera mi. Herlig garn!) Flotte bilder fra der du bor - heftig og værhardt, slik som her i Lofoten hvor jeg bor. Jeg skal titte innom deg flere ganger. Ha en fin kveld! :)