fredag 3. februar 2012

Vi he trua!

Det er store ting som skjer på Hareid i helga:) Eg har no funne plass i sofaen etter å ha vore innkvarteringsvakt på skulen nokre timar. Vintertreff er ei årleg hending innan KFUK-KFUM. I år er det knapt 300 unge, fantastiske menneske samla på Hareid ei heil helg. Dei bur på skular, er saman med kvarandre heile tida, og lærer kanskje noko nytt? Det er konsertar, turneringar, workshop og anna morsomt. Symaskina mi skal få vere med på redesign-kurs i morgon... Kanskje maskina lærer noko nytt?

Tenk om ho kunne lære det vidare til meg etterpå....

Musikanten min er heime i anledning helga, han er visst ledar for husbandet. Han har vore her i heile dag, men vi har ikkje sett han enno. Reknar med at vi får låne han nokre timar om natta;) Kanskje han tek seg tid til frukost her før han stikk til hallen igjen?

Ingen kommentarer: