søndag 29. april 2012

Cantus på besøk:)

For ein dag:)

Etter ein rask vinter i går, vart det heldigvis ein strålande vårdag i dag. Vi har sykla på tur til Brandal og endeleg besøkt retrokafeen Flo og Fjøre. Det er ei lita perle, og eg kan gjerne anbefale dei som er i lokalområdet å svinge innom. I dag var det koseleg å site utanfor i sola med kaffe og te, og vi kunne ha kjøpt heimebaka kaker om vi hadde lyst til det. Og dei hadde til og med potetball til middag! Det er ikkje plass til mange gjestar på ein gong, men det er så sjarmerande:)

I kveld har eg vore med på ei stor musikalsk oppleving: Konsert med Cantus, Jan Magne Førde og Hareid kammerkor. Cantus er eit damekor frå Trondheim, dirigenten deira heiter Tove Ramlo-Ystad og er kjent for Hareid kammerkor frå før.
Vi, som mange andre, har leigd henne inn til øvingshelgar, for ho er ei av dei ypperste kordirigentane i landet. Vi skulle gjerne hatt henne på besøk igjen, ho er så levande, engasjerande og spennande:) Jan Magne Førde var også med, og Cantus song fleire songar han har laga, der han også bidrog sterkt på flygelhorn.

Heldige oss fekk synge ilag med Cantus på to songar, deriblant Bruremarsj av Jan Magne Førde. Herlig å vere med på slikt!

 
 Her er eit klipp der Cantus framfører Safari, skrive av JM Førde. Kult:)

Vi i kammerkoret når ikkje opp til knea på dei andre på denne konserten, men vi får prøve å sjå på at vi har vore deltakarar i ein flott konsert:)
Heimesida til Cantus kan gje deg meir informasjon!

1 kommentar:

Brit sa...

Må berre innrømme at jeg er sånn litt småstolt over å ha to tidligere kulturskoleelver i Cantus:) Jeg er og har vært stor fans av koret , og Tove Ramlo er bare en fryd å ha som instruktør - helt enig med deg:)