onsdag 2. mai 2012

Idyll på badestranda:)

Vi treng heldigvis ikkje å bade for å nyte badestranda...

Når 1.mai stiller med strålande sol, er det lett å glede seg. Gubben tok med seg randonne-skia og gjekk på Kolåstinden, det vil seie skikkeleg fjelltur!

Vi andre fekk jordbærplantene på plass i den nye jordbæråkeren vår, og kosa oss med lyden av over 100 tunge motorsyklar som passerte på veg mot AmCar-treff i Herøy. Det er fast tradisjon, og vi har god utsikt mot vegen der dei fleste tilreisande kjem køyrande. Morsomt å følge med når ferjekøa passerer, for då kan vi nyte ei lang rekke gamle, sære, rare, dyre eller stygge bilar, og så kan jentene telle motorsyklar:)

Etter oppsummeringa av motorsyklar tok vi ein tur innom kiosken, kjøpte softis og dro til Overåsanden. Nydeleg!! Flaks at vi traff eit par barnehageveninner av minstemor, så dei leika lenge!

2 kommentarer:

Ingunn sa...

Kunne tenkt meg å være på den stranda i det fine været! Nydelige bilder fra en flott dag! Tenker mannen din hadde en strålende tur også.
Sommertemperatur her i dag også, og i går gikk vi på ski.

Ønsker deg en fin onsdagskveld!

Strikkebesta sa...

Flotte bilete frå ei herleg strand som eg ikkje har besøkt på nokre år. Var der mykje då dei eldste borna var små, men etter at vi fekk båt har det vorte meir holmeturar i badesesongen.