mandag 4. juni 2012

Granateple i vinduskarmen

Dette er eg spent på! Eg fekk ei bittelita blomsterpotte med nokre bittesmå planter i, frå ei hyggeleg dame. Ho hadde ikkje prøvd før, men delte villig ut til kjente på strikkekafe:) Du ser at eg har pynta litt rundt med nokre av orkideane mine, men du ser kanskje også nokre grøne stilkar:) Eg reknar med at granateple er såpass varmekjære at sunnmørsk vår og sommar kan vere litt for kaldt. Så dei får stå inne, og så får vi berre sjå om dei klarer å bli store. Morsomt å prøve noko nytt!

1 kommentar:

solveig sa...

Granatepleplanten er no fin allereie!