søndag 1. juli 2007

Å, så spent på tovinga!

No er kjolen til Prinsessa ferdig!

Bilde kjem i morgon. Men no har eg fått festa trådar, hekla kantar rundt armar og hals, og teke dei vitale mål:

Vidda i skjørtet er 52 cm
Heil lengde er 65 cm

No skal kjolen få bade, og eg skal sove. I morgon tidleg kjem eg til å sjekke vaskemaskina før eg har fått på meg kleda:) Det er så spennende om det vert slik eg vil!

Ingen kommentarer: