lørdag 30. juni 2007

Sommaren er her igjen:)

Hei, og velkomen innom!

I dag er det sommar her på Sunnmøre. Det er slik det brukar å vere: I går var det 10 grader, i dag er det 22. Og i morgon? Kven veit? Vi får vente og sjå! For nokre dagar sidan hjelpte eg til med å rydde i kjellaren til besteforeldra mine. Eg fekk løyve til å ta med meg ein stabel gamle Familien. I går kveld laga eg ei nydelig sjokoladekake frå ei oppskrift der.
Men det som eg likte best, var denne mappa med gamle strikkeoppskrifter og liknande. Det var mykje spanande der:) Dessverre lukta alt av gammal kjellar, så no har eg stappa mappa i ein pose saman med ein lavendel-luktepose;)
Prinsessa kosar seg i sola. Særleg når ho finn ei marihøne! Det var mykje underhaldning i den...
Eg håper at den vil bu på rosebuskene mine, eg fann mat til den der! Lusekverk er vel og bra, men marihøner er vel betre for miljøet? Og så er det ei veldig god unnskyldning slik at eg slepp å herje sjøl:)

Ingen kommentarer: